Synnøve Persen, poet, biletkunstnar og organisasjonsbyggjar, som har gjort ein formidabel innsats for samisk kulturliv.

Synnøve Persen er fødd i Bevkop i Porsanger 22. februar 1950 og tok utdanning ved Statens kunstakademi i Oslo i 1972–78. I 1978 var ho med på å starte ei samisk kunstnargruppe i Masi, som arrangerte utstillingar i heile Norden. Den første separatutstillinga heldt ho i Tromsø i 1983. Den vart følgd av utstillingar og utsmykkingsoppdrag i store delar av Noreg. I 2017 var ho med på Documenta 14, ei internasjonal utstilling av samtidskunst som vert halden kvart femte år, og ho er bidragsytar til utstillinga om samisk kunst i Dronning Sonja KunstStall 2019.

I 1981 debuterte ho som lyrikar med Alit lottit girdilit, gjendikta til norsk av Laila Stien med tittelen Blå fugler flyr. I 1990-åra kom to nye diktsamlingar, og i 2005 Meahci suvas bohciidit ságat (Av skogens sus spirer nytt), omsett til norsk av forfattaren. Denne boka fekk ho Samerådets litteraturpris for. I Poems poemas (2016) er ho gjendikta til spansk og engelsk. For Persen er poesi og måleri utfyllande kunstformer. Dei nordnorske landskapsbileta er ofte nonfigurative akvarellar, og landskapet avspeglar seg i dikta. Poesien, seier ho, var først mogleg då ho i vaksen alder lærte seg det nordsamiske skriftspråket, som har ein annan klang og farge enn norsk.

I heile sitt kunstnarliv har ho arbeidd for å modernisere samisk kunst, men både som diktar og målar poengterer ho at ho er kunstar, ikkje samisk kunstnar.